Aurland naturfond - søk innan 2.mai 2017

Foto: Øyvind Heen/fjords.com 

Foto: Øyvind Heen/fjords.com 

Nærøyfjorden Verdsarvpark forvaltar Aurland Naturfond som vart etablert i samband med omorganiseringa av Aurland Naturverkstad frå BA-selskap til AS der BA-selskapet vart avvikla. BA-selskapet sine verdiar vart lagt inn i Aurland Naturfond.Fondet har til føremål å gje personar i Aurland høve til erfarings –og kompetanseutvikling innan naturbruk og tilrettelegging for landskapsoppleving, småskala foredling og produktutvikling, natur- og landskapsformidling.

Fondet skal i utgangspunktet fordelast gjennom årlege søknadar/ ubetalingar over ein periode på 20 år; noko som pt. tilsvarar om lag kr. 26 500,- pr. år.

I 2016 mottok fondsstyret 5 søknader kor 2 søkjarar fekk tilsegn om midlar.

Personar med bustadadresse i Aurland kommune kan søkje om midlar frå fondet.

Midlane kan nyttast til ma. kurs, studiereiser, eller opphald i samband med opplæring. Omsøkt aktivitet eller tiltak skal inngå i ein plan for etablering eller vidareutvikling av eiga bedrift/ næring. Det vert ikkje stilt krav om særskild eigendel.

Det kan og søkjast midlar til nettverksbygging, gjennomføring av seminar og liknande arrangement som vert halde i Aurland kommune og som er berekna på kompetanseutvikling i natur- og kulturbaserte næringar.

Søkjarar som får tilsegn om midlar pliktar å levere rapport frå aktiviteten/ tiltaket innan 3 månader etter at det er avslutta.

Verdsarvparken sitt arbeidsutval er fondsstyre for Aurland Naturfond.

Vedtekter for fondet finn De på vår nettside www.naroyfjorden.no.

Nærare informasjon ordninga få De ved å ta kontakt med dagleg leiar på tlf. 95 17 25 95 eller e-post erling@naroyfjorden.no

Søknad vert å sende innan 2. mai 2017 til Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A, 5745 Aurland eller pr. e-post til post@naroyfjorden.no .

Les om våre partnarar