Sjøfartsdirektoratet

Høyring - forslag til forskrift om endring av forskrift om miljømessig sikkerheit for skip og flyttare innretningar

 Foto:Erling Oppheim

Foto:Erling Oppheim

Sjøfartsdirektoratet sender med dette forslag til forskrift om endring av forskrift om miljømessig sikkerheit for skip og flyttbare innretningar på høyring. Forslaget inneber eigne reguleringar om utslepp til luft og sjø i dei norske verdsarvfjordane. Forslaget inneheld mellom anna svovelkrav som i ECA for heile verdsarvfjordområdet, strengare krav til NOx-utslepp, forbod mot kloakkutslepp, reguleringar om bruk av eksosvaskesystem og krav om ein miljøinstruks.

"Noen av endringene trer i kraft 1. januar 2019, mens andre endringer gjennomføres gradvis over flere år for å gi næringen, lokale myndigheter og andre en realistisk mulighet til å omstille seg og tilpasse seg de nye kravene. Dette vil bidra til at de høye målingene for utslipp til luft og utslipp av kloakk og gråvann til sjø reduseres allerede innen kort tid, mens full effekt av tiltakene rettet mot utslipp til luft først forventes å bli nådd i 2025.  De foreslåtte tiltakene vil bidra til å verne om verdensarvstatusen og samtidig ivareta hensynet til helse og miljø i verdensarvfjordene.

Her kan du laste ned høyringsutkastet: HØYRING

Høringsuttalelser sendes Sjøfartsdirektoratet innen 14. september 2018 til post@sdir.no. Høringen vil også bli lagt ut på Sjøfartsdirektoratets hjemmesider www.sdir.no. "

Konsert på Mjølkeflaten!

527A8092.JPG

Lærdal Musikklag og Lærdal Turlag arrangerte tysdag 29. mai kl 18.00 den etter kvart så tradisjonelle kvelden på Mjølkeflaten. Musikklaget hadde i år bede med seg sine vener i Flåm Musikklag, og det vart musikk av båe musikklaga. Quiz på turen opp – og premiar! Turlaget sytte for servering av kaffe/saft og kaker. 
Det vart ein varm tur opp! Flott konsert - takk til alle som kom!

Fotograf: Jan Chr. Jerving

INTERNASJONAL MERKSEMD

  A cruise ship in the West Norwegian Fjords – Geirangerfjord and Nærøyfjord World Heritage site © UNESCO / Hyperthese Productions

A cruise ship in the West Norwegian Fjords – Geirangerfjord and Nærøyfjord World Heritage site © UNESCO / Hyperthese Productions

Det er tydeleg at mange har fått med seg det historiske Stortingsvedtaket som vart gjort i mai. Målet om null-utslepp gjev internasjonal merksemd. Her kan du lese kva UNESCO skriv om saka på sine nettsider:

 

Norwegian parliament adopts zero-emission regulations in World Heritage fjords

Norwegian parliament adopts zero-emission regulations in World Heritage fjords

The Norwegian Parliament has adopted a resolution to halt emissions from cruise ships and ferries in the West Norwegian Fjords – Geirangerfjord and Nærøyfjord World Heritage site by 2026 at the latest. This will make the fjords among the world’s first zero emission zones at sea. The decision is expected to have a positive impact on the local population, transport and tourism, climate and broader fjord environment, as well as the maritime industry.


The starkly dramatic landscapes of Geirangerfjord and Nærøyfjord, inscribed on the World Heritage List in 2005, are exceptional in scale and grandeur in a country of spectacular fjords. Situated in south-western Norway, the fjords are among the world’s longest and deepest, and vary in breadth from just 250 m to 2.5 km wide. Fjord, a word of Norwegian origin, refers to a long, deep inlet of the sea between high cliffs formed by submergence of a glaciated valley.

The property is a popular destination for cruise ships. In 2015, nearly 180 large cruise ships made a port of call at Geiranger, and 132 ships visited Flam (Nærøyfjord). Last year, more than 300.000 cruise passenger visited the World Heritage property, which led to increased traffic and high air pollution and is increasingly considered a health hazard for the local community.

The resolution from the Norwegian Parliament builds on a 2015 decision that required all new ferry tenders to have low or zero emission technology on board of the ships. As a result, more than 60 electrical ferries are expected to go seaborne in Norway over the next few years. 
 

"The Norwegian Parliament has adopted a brave resolution which will have a great positive impact on conserving our UNESCO World Heritage marine site. This will make the fjords the world’s first zero emission zone at sea. It is a brave policy we hope other nations and unique UNESCO World Heritage Marine Sites will adopt so that we, together with all international cruise lines, can protect our Crown Jewels of the Ocean. We invite other marine sites to join us,"  says Katrin Blomvik, director of the Geirangerfjord World Heritage Foundation.

The West Norwegian Fjords – Geirangerfjord and Nærøyfjord is an active member of the Marine World Heritage Network facilitated by the World Heritage Marine Programme. The site is currently working together with other World Heritage marine sites to exchange best practices on reducing the environmental impacts from tourism vehicles.

More information on cruise ship tourism in World Heritage marine sites can be found here.

For ein super dag!

Torsdag 19.april var me klare for RYDDEDAG LANGS FJORDEN. Elevane ved ABU og Flåm skule var klare til innsats, og det same var alle dei gode samarbeidspartnarane våre. Sola gløtta fram og me sette igang. Fantastisk god innsats frå alle heile dagen! Nærøyfjorden Verdsarvpark vil takke alle som var med på ryddedagen, alle som hjalp til, som bidrog med transport, mat og drikke, utstyr og godt humør! 

Norsk park-konferanse Vadsø 3-5.mai 2018

view at ekkeroy.   jpg.jpeg

Norske Parker ynskjer velkomen til Norsk park-konferanse i VARANGER/VADSØ KOMMUNE, FINNMARK. 3. – 5. MAI 2018!
Konferansen er for Natur & Kulturparkar/Regionalparkar, Geoparkar, Nasjonalparkar, Biosfæreområder og andre interesserte. 

FOREDRAG – VERKSTADER – LOKALMAT – FORMIDLING – AKTIVITETAR - MØTE  - alt dette er nøkkelord for konferansen. Den er praktisk orientert og byggjer i stor grad opp under Parks Norway-arbeidet.

"Varanger har også noen fantastiske arktiske signaturopplevelser å by
på! Så ta på deg våtdrakten og bli med på krabbesafari!"

Her finn du program og påmelding:

https://www.visitvaranger.no/nb/norsk-park-konferanse-vadso

MELD DEG PÅ!

Minner om søknadsfrist 1.mars 2018 - Aurland naturfond!

søknadsfrist.png

Nærøyfjorden Verdsarvpark forvaltar Aurland Naturfond som vart etablert i samband med omorganiseringa av Aurland Naturverkstad frå BA-selskap til AS der BA-selskapet vart avvikla. BA-selskapet sine verdiar vart lagt inn i Aurland Naturfond. 

Fondet har til  føremål å gje personar i Aurland høve til erfarings –og kompetanseutvikling  innan naturbruk og tilrettelegging for landskapsoppleving, småskala foredling og produktutvikling, natur- og landskapsformidling.

Personar med bustadadresse i Aurland kommune kan søkje om midlar frå fondet.

Midlane kan nyttast til ma. kurs, studiereiser, eller opphald i samband med opplæring. Omsøkt aktivitet eller tiltak skal inngå i ein plan for etablering eller vidareutvikling av eiga bedrift/ næring. Det vert ikkje stilt krav om særskild eigendel.

Det kan og søkjast midlar til nettverksbygging, gjennomføring av seminar og liknande arrangement som vert halde i Aurland kommune og som er berekna på kompetanseutvikling i natur- og kulturbaserte næringar.

Søkjarar som får tilsegn om midlar pliktar å levere rapport frå aktiviteten/ tiltaket innan 3 månader etter at det er avslutta.

Verdsarvparken sitt arbeidsutval er fondsstyre for Aurland Naturfond.

Vedtekter for fondet finn De på nettsida vår  www.naroyfjorden.no.

Nærare informasjon ordninga få De ved å ta kontakt med dagleg leiar på tlf. 95 17 25 95 eller e-post erling@naroyfjorden.no

Søknad vert å sende innan 1. mars 2018 til Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A,  5745 Aurland eller pr. e-post til post@naroyfjorden.no .

Pressemelding frå Verdsarvrådet:

Bakka The Fjords.jpg

Forvaltninga av verdsarvfjordane må sterkare på banen


Under Grøn fjord Konferansen i Geiranger sist veke fekk vi både presentert og demonstrert det nyaste innan grøn, utsleppsfri teknologi knytt til ferdsel i verdsarvfjordane. Norsk maritim skipsfart går framfor og viser veg for korleis verdsarvfjordane kan verte utsleppsfrie område og døme for andre marine verdsarvområde på kloden.


No er tida inne for at forvaltninga av verdsarvfjordane kjenner si besøkstid. I Stortingsmelding 35 (2012-13) og 19 (2016-17) heiter det at «Norske verdsarvområde skal utviklast som fyrtårn for den beste natur- og kulturminneforvaltinga». Vi må utvikle verdsarvfjordane til GRØNE FYRTÅRN også i norsk forvaltning. Vi må snu blårøyk, eksos, trafikkaos og fråflytting – til grøne, reine og levande fjordsamfunn i vekst. Strengare regulering som kan fremje låg- og nullutsleppsfri ferdsel både på fjord og land må på plass, slik at næringsaktørar som har mot til å investere i slik teknologi, ikkje vert straffa med at andre aktørar seglar inn og tek marknadsposisjonar med utrangert materiell til lågare pris.
14. november 2017 vart Norge valgt inn som medlem av UNESCO sin prestisjetunge verdsarvkomité. Det kviler difor eit ekstra stort ansvar for Norge å vise veg i god forvaltning av sine verdsarvområde dei neste 4 åra. Statsparten Norge kan ikkje sitje i verdsarvkomiteen og samstundes ikkje klare å løyse utfordringane med forureining i verdsarvfjordane. Vi helsar difor strengare regulering for sjøfarten frå Sjøfartsdirektoratet velkommen og vi utfordrar samstundes ei samla forvaltning av Vestnorsk fjordlandskap til å gjere modige grep som kan støtte opp under visjonen om «sporlaus ferdsel» i verdsarvfjordane i åra framover. Norge kan gjennom god forvaltning velje å nytte verdsarvfjordane som grøne fyrtårn for resten av verda. Vi er overtydd om at dette vil få positive verknader for norsk maritim skipsfart, samstundes som det vil skape meirverdiar i lokalt reiseliv, og meir robuste fjordsamfunn for framtida, og samstundes sikre varige verdsarvverdiar for framtidige generasjonar.
Aldri før har vi klart å samle så mange relevante forvaltningsnivå og viktige aktørar med vedtaksmakt for verdsarvfjordane under eitt tak, som under Grøn fjord Konferansen sist veke (kommunane, fylkeskommunane, fylkesmannen, lokal forvaltning verneområda, Sjøfartsdirektoratet, Miljødirektoratet, Klima- og miljødepartementet, Statens Vegvesen, Nasjonal Turistveg, Kystverket, hamnevesen). Det er no på høg tid at ALLE forvaltningsnivå gjere sitt for å nå nasjonale målsettingar.

Leiarskapet i Verdsarvrådet vil i tida framover ta ei rekke nye initiativ for å følgje opp Grøn fjord Konferansen:
- Invitere alle cruiserederi som opererer i verdsarvfjordane til eit dialogmøte kring forureining i
verdsarvfjordane
- Invitere alle forvaltningsnivå i Vestnorsk fjordlandskap til eit samla møte kring våre
miljøutfordringar på fjord og land
- Hente og dele erfaringar for god verdsarvforvaltning gjennom UNESCO sitt marine
verdsarvprogram


- «Det mest gledelege ved Grøn fjord konferansen 2018, var å registrere alle som står vakt om
miljøet i si alminnelegheit og verdarven i særdelesheit. Igjen er det stovereint og «inn» å
snakke fram miljøsaka. Det er gjort kvantesprang i utvikling av ny miljøvenleg teknologi, og
her har privat sektor brøyta løype. Offentlege mynde må no følgje opp med regelendringar
som gjer det trygt og lønsamt å satse på lav- og nullutsleppsløysingar både på land og sjø.
Verdsarven representerer både ein særleg verdi og eit særleg ansvar for statsparten, dvs. i
dette tilfellet Noreg. Han er ikkje eit norsk særeige, men eit sameige for alle menneske på
kloden. Difor vil generell nasjonal politikk ikkje alltid heimle nødvendige tiltak som krevjast
for ivareta og fremje arven. Døme på tema der det er tidskritisk å utvikle «ny politikk», er
innafor forureiningsfeltet og kulturlandskapspleie. Verdsarvrådet for Vestnorske
fjordlandskap, har definert desse som særlege satsingsområde i tida framover», stadfester
leiar av Verdsarvrådet Arne Sandes.


- «Grøn Fjord konferansen 2018 viste tydleg at det er store moglegheiter for å foredla Noreg
som reiselivsnasjon. Dette kan gjerast gjennom å ta i bruk moderne, rein teknologi. Og, mest
gledeleg av alt, aktørar i reiselivsbransjen er klare. For Nærøyfjordområdet bør fyrste steg
vera å tilby sporlaus ferdsel gjennom verdsarven. Med tog kjem du til og frå Flåm, med ny
heilelektrisk båt kjem du til og frå Gudvangen, så då er det bussen frå Gudvangen til Voss
som står att. Med den på plass, kan du reisa sporlaust i Vestnorsk fjordlandskap, både frå
Oslo og Bergen. Mil etter mil med sporlaus ferdsel – det fortener både verdsarven og
klimaet», avsluttar Hans Erik Ringkjøb, nestleiar av Verdsarvrådet for Vestnorsk
fjordlandskap.


Kontaktinfo:
Arne Sandnes, leiar Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap, arne.sandnes@norddal.kommune.no
Tlf: 976 69 990.
Hans Erik Ringkjøb, nestleiar Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap,
Hans.Erik.Ringkjob@voss.kommune.no Tlf: 971 38 720.

Hugs påmelding til Grøn fjord 2018!

viktigpåminning.jpg

Me minner om at det er på tide å melde seg på Grøn fjord konferansen 2018, som går føre seg 8-9 februar i Geiranger. Informasjon om program og påmelding finn du her:

Grøn fjord 2018

Konferansen har frå fyrste år vore ein viktig møteplass for inspirasjon og kunnskapsbygging kring grøne løysingar, forsking og berekraftig utvikling. Dagsaktuelle tema vert sett på dagsorden og vi spør oss: «Kan vi snu blårøyk, eksos, trafikkaos og fråflytting – til grøne, reine og idylliske fjordsamfunn i vekst? Har vi gode nok verkty for å nå visjonen om «sporlaus ferdsel»? Er næringslivet klar for den grøne omstillinga?» 

Konferansen er open for alle og Grøn fjord partnarar får medlemspris. Er du ikkje partner, men ønsker å bli det, kontakt oss i dag! 

Bestill plass på GRØN FJORD KONFERANSEN! Den vert garantert makelaus!

Ønsker du tilsendt FAKTURA for konferansen, så må påmelding skje skriftleg via epost til einar@verdsarvfjord.no   

Handlingsplan for 2018

 Foto: Bengt Erlend Skjerdal

Foto: Bengt Erlend Skjerdal

Handlingsplanen 2018 med framlegg til tiltak og aktivitetar byggjer på Parkplanen sine overordna satsingar som pt. er:

 SKAPE NÆRING OG KULTUR.

 TA VARE PÅ NATURARV OG MILJØ.

 TA VARE PÅ KULTURARV.

Fylgjande føresetnader og rammevilkår er bestemmande i høve til val av tiltak og gjennomføring av desse:

 Oppfylging av Verdsarvkonvensjonen lokalt gjennom funksjonen som verdsarvkoordinator.

 Semje i Verdsarvrådet.

 Initiativ og innspel frå partnarar, stiftarar/ parkkommunane og tilsette i parkorganisasjonen.

 Tilsegn om midlar til gjennomføring/ tilgjengeleg prosjektøkonomi.

Handlingsplanen er resultatet av ein prosesses som involverar : - Parkpartnarane. - Stiftarane. - Tilsette i parkorganisasjonen. - Parkstyret

Her finn du vedteken Handlingsplan for Nærøyfjorden Verdsarvpark 2018:

Handlingsplan 2018

 

Søknadsfrist Aurland naturfond er 1.mars 2018

Nærøyfjorden Verdsarvpark forvaltar Aurland Naturfond som vart etablert i samband med omorganiseringa av Aurland Naturverkstad frå BA-selskap til AS der BA-selskapet vart avvikla. BA-selskapet sine verdiar vart lagt inn i Aurland Naturfond. 

Fondet har til  føremål å gje personar i Aurland høve til erfarings –og kompetanseutvikling  innan naturbruk og tilrettelegging for landskapsoppleving, småskala foredling og produktutvikling, natur- og landskapsformidling.

Personar med bustadadresse i Aurland kommune kan søkje om midlar frå fondet.

Midlane kan nyttast til ma. kurs, studiereiser, eller opphald i samband med opplæring. Omsøkt aktivitet eller tiltak skal inngå i ein plan for etablering eller vidareutvikling av eiga bedrift/ næring. Det vert ikkje stilt krav om særskild eigendel.

Det kan og søkjast midlar til nettverksbygging, gjennomføring av seminar og liknande arrangement som vert halde i Aurland kommune og som er berekna på kompetanseutvikling i natur- og kulturbaserte næringar.

Søkjarar som får tilsegn om midlar pliktar å levere rapport frå aktiviteten/ tiltaket innan 3 månader etter at det er avslutta.

Verdsarvparken sitt arbeidsutval er fondsstyre for Aurland Naturfond.

Vedtekter for fondet finn De på nettsida vår  www.naroyfjorden.no.

Nærare informasjon ordninga få De ved å ta kontakt med dagleg leiar på tlf. 95 17 25 95 eller e-post erling@naroyfjorden.no

Søknad vert å sende innan 1. mars 2018 til Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A,  5745 Aurland eller pr. e-post til post@naroyfjorden.no .

Grøn fjord konferansen 2018

 Foto: Sverre Hjørnevik

Foto: Sverre Hjørnevik

Bli med på GRØN FJORD KONFERANSEN 2018! Årets konferanse har fått tittelen: «Verdsarvfjordane - Noregs framtidige, GRØNE FYRTÅRN?» Den 8.-9. februar 2018 arrangerer Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv for tredje gong GRØN FJORD - KONFERANSEN. Denne gongen får konferansen ei fantastisk opptakt gjennom ein båttur frå Ålesund inn Geirangerfjorden. «Vision of the Fjords» - ein hybridbåt bygd av verftet Brødrene Aa i Sogn og Fjordane – har vunne fleire nasjonale og internasjonale prisar for innovasjon og design. Mellom anna vart båten frå reiarlaget The Fjords kåra til «Ship of the year» på verdas største skipsfartsmesse i Hamburg i 2016. Aldri før har ein passasjerbåt av ein slik størrelse sigla inn Geirangerfjorden, på ein slik miljøvennleg måte – elektrisk (hybrid), lydlaust, historisk og tilnærma sporlaust! Denne pilot – turen vil du ikkje gå glipp av! 

Konferansen har frå fyrste år vore ein viktig møteplass for inspirasjon og kunnskapsbygging kring grøne løysingar, forsking og berekraftig utvikling. Dagsaktuelle tema vert sett på dagsorden og vi spør oss: «Kan vi snu blårøyk, eksos, trafikkaos og fråflytting – til grøne, reine og idylliske fjordsamfunn i vekst? Har vi gode nok verkty for å nå visjonen om «sporlaus ferdsel»? Er næringslivet klar for den grøne omstillinga?» 

Konferansen er open for alle og Grøn fjord partnarar får medlemspris. Er du ikkje partner, men ønsker å bli det, kontakt oss i dag! 

Bestill plass på GRØN FJORD KONFERANSEN! Den vert garantert makelaus!

Ønsker du tilsendt FAKTURA for konferansen, så må påmelding skje skriftleg via epost til einar@verdsarvfjord.no 

NB! Det er begrensa plassar på båten og konferansen, så ver raskt ute å bestille plass om du vil sikre deg deltaking, det kan verte rift om plassane! 
Programmet finner du her: fjordsenter.com/wp-content/uploads/2018/01/gron-fjord-konferansen-2018.pdf 

 

Nyhende frå marin verdsarv - november 2017

Marine World Heritage News:
November 2017


In this issue: Partnership with Monaco, internship opportunity, reporting from COP23, and protecting Banc d'Arguin National Park

Redefining what success looks like

The Paris Agreement and Sustainable Development Goals have laid the groundwork for greater global cooperation that is the foundation of World Heritage. Building climate resilience in the world's most iconic places is at the heart of the World Heritage system and we have seen big advances just this month from the expansion of Archipiélago de Revillagigedo to the draft oil moratorium in Belize Barrier Reef Reserve System. Thanks to the collective efforts and critical support from colleagues like you we can accelerate progress toward the Sustainable Development Goals and redefine what success looks like for our oceans.

- Fanny Douvere, Coordinator, World Heritage Marine Programme

Monaco joins marine World Heritage with strategic partnership


On November 1, the Principality of Monaco signed a strategic partnership to support the World Heritage Marine Programme. Monaco has long been a leader in ocean conservation. This commitment is part of Monaco Explorations, a broader campaign to reconnect humanity to the sea. It will bring Yersin, an environmentally-friendly vessel that has been transformed into a floating scientific laboratory, to several World Heritage marine sites in the coming years, enhancing our understanding of these unique places. 

Read more

Internship opens at marine World Heritage


The World Heritage Marine Programme is expanding its reach. We are seeking an intern to join our multidisciplinary team to help support our growth. Interns require a four month commitment, and the role will be based out of our Paris office. We are specifically seeking someone with a communication background, a dynamic personality and a hands-on mentality. Fluent in English is essential. French or Spanish is highly recommended. All general information about UNESCO internships is online here. Interested candidates should submit their CV to wh-marine@unesco.org

Raising the stakes for World Heritage coral reefs at COP23

Earlier this month at the 23rd Conference of Parties in Bonn, Germany, the Marine Programme partnered with Agence Française pour la Biodiversité and the International Coral Reef Initiative to host "Coral Reefs at Climate Crossroads." The research on coral bleaching is sobering, but there is reason for optimism as well, thanks to the international cooperation supported by covenants like the Paris Agreement and World Heritage Convention. The results of IUCN's second Natural World Heritage Outlook, that was launched at COP23, indicates that more than two thirds of all natural World Heritage sites are moving in the right direction.

Protecting Banc d'Arguin National Park from ship pollution

Mauritania's Banc d'Arguin, and the millions of birds that winter there, are one step closer to protection from groundings, noise and pollution from international maritime traffic. From 6 to 8 November, we participated in a fact-finding mission with the International Maritime Organization that will inform the design of a specially-protected zone, called a Particularly Sensitive Sea Area (PSSA), to route ships on the West Africa shipping lane away from vulnerable habitat. This would be the first PSSA on the African continent, and follows the approval of a PSSA at Tubbataha Reefs in the Philippines earlier this year.

Coming next: Glacier Bay helps Komodo National Park scale up conservation


From 1-8 December, the World Heritage Marine Programme will bring together managers from Glacier Bay National Park (USA) and Komodo National Park (Indonesia) to share knowledge and capacity to support management of Komodo's marine areas. Komodo is experiencing an increase in cruise ship traffic, and can learn from Glacier Bay's system, matured over 25 years, to manage impacts from cruise ship tourism impacts. Glacier Bay has reduced pollution from ships to near zero.

Learn more about the Glacier Bay model here.

Copyright © 2017, UNESCO World Heritage Centre Marine Programme, All rights reserved.


Our mailing address is:
wh-marine@unesco.org

Fylkeskulturprisen 2017 til Kristin Sønnerheim

 Kristin Sønnerheim (foto:Ole Johannes Øvretveit/NRK)

Kristin Sønnerheim (foto:Ole Johannes Øvretveit/NRK)

Kristin Sønnerheim går under kallenamnet Mor Aurlandsdalen. I over 50 år har ho stelt og rydda stien gjennom dalen med handemakt. No får ho fylkeskulturprisen for innsatsen sin.

Sønnerheim er 85 år og vart tidlegare i år attvald som leiar i Venner av Aurlandsdalen. Stiftinga har som mål å fremje interessa for og halde ved like og utvikle dalen.

Avgjerande innsats

– Innsatsen til Kristin Sønnerheim har vore avgjerande for å gjere Aurlandsdalen tilgjengeleg for ålmenta. Vandrerutene i dalen blir no brukte av hundrevis av menneske kvart år, og vi ønskjer å heidre Sønnerheim for å ha bidrege til dette, seier leiar for hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.

Engasjementet for Aurlandsdalen starta Sønnerheim saman med ektemannen Kåre (1921–2006), som var den siste som vart fødd på garden Sinjarheim i dalen. Saman rydda dei stiar, la ut bruer og formidla historie. Sønnerheim har også engasjert seg sterkt i å ta vare på gamle gardar og stølshus og har vore talskvinne for å ta vare på kulturverdiar som bygningane representerer.

Dette skriv Sogn og fjordane fylkeskommune på sine nettsider. Og me gratulerer Kristin so mykje med prisen!

 

Les om våre partnarar