Verdsarvområda Vestnorsk fjordlandskap og Glacier Bay National Park i Alaska deler mange av dei same utfordringane, dei er begge populære cruise destinasjonar og er truga av forureining frå denne trafikken. I Glacier Bay har ein satt retningslinjer og krav for dei som ynskjer å ferdast i fjordane. Dei har satt eit visst tal skip som får ferdast, og desse må møta strenge miljøkrav.

Vestnorsk fjordlandskap har sidan starten arbeida for ein grønare, og meir berekraftig reiselivsindustri. Her arbeidar ein òg nært med lokalsamfunna for at ein skal få ein berekraftig samfunnsutvikling i desse to delområda, med forankring i verdsarvverdiane i området. 

Glacier Bay har allereie funne berekraftige løysningar på fleire av utfordringane som Vestnorsk Fjordlandskap no står føre, og ved eit samarbeid vil ein kunne læra av deira erfaringar og finna løysningar som vil passa for Geirangerfjorden og Nærøyfjorden. 

Det er Marineprogrammet til UNESCO som er tilretteleggjar for eit slikt samarbeidsprosjekt mellom Glacier Bay National Park og Vestnorsk fjordlandskap.  I august 2015 vitja Dr. Fanny Douvere, koordinator for Marine programmet til UNESCO, i lag med to representantar for Glacier Bay National Park. Både i Geiranger og i Nærøyfjorden tok dei del i markeringar for 10 år med verdsarvstatus, og i Undredal opna Fanny Douvere det fyrste verdsarvhuset nokon gong. 

Kva UNESCO har skrive om twinning-prosjektet og besøket til Noreg kan du lesa her; Twinning Vestnorsk fjordlandskap og Glacier Bay National Park. 

Les om våre partnarar