Landskap og kulturarv i Nærøyfjordområdet

I Vest-Noreg finn ein det mest utprega fjordlandskapet i verda. Nærøyfjorden – som Geirangerfjorden – er eit av dei beste døma på fenomenet fjord, og området har difor ein særs høg verdi som referanseområde.

Landskapet er rikt på kontrastar, med eit unikt samspel mellom naturlandskap og kulturlandskap. Området er lite prega av moderne tekniske inngrep. Det er òg stor spennvidde mellom fjord og fjell som gir eit variert bilete av fjordfenomenet med sine særmerkte formasjonar, levande geologiske prosessar, og kontrastar frå strandline med mildt klima, til høgfjell med brear og evige fonner.

I Nærøyfjordområdet er det fleire urørte og villmarksprega område. Eit urørt område vert definert som meir enn 1 km frå tyngre tekniske inngrep (t.d. kraftlinje, veg eller bygningar). Villmarksprega område ligg meir enn 5 km frå tyngre tekniske inngrep.

Fjellområdet mellom Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er det største samanhengande området med villmarksprega natur med i underkant av 60 km2 meir enn 5 km frå tekniske inngrep. Eit anna villmarksområde (om lag 3 km2) ligg søraust for Bleia. Dessutan er om lag 1 km2 ved Sagelvi i Nærøyfjorden òg definert som villmark.

Store fangstanlegg i høgfjellet vitnar om at villreinen til alle tider har vore sentral for folk i Nærøyfjordområdet. Mange av desse anlegga er truleg automatisk freda (frå før reformasjonen i 1537). Det mest utprega fangstområdet finn ein kring Fresvikbreen. Her er det store fangstanlegg med bogestiller, ledegjerder og dyrestup på fire fjellryggar frå Tuftafjellet i nord til Handadalseggi i sør. I tillegg er det gjort funn av ei rekke dyregraver i området. I fjellområdet mellom Flåm og Gudvangen er det og registrert fangstanlegg med dyregraver, bogestiller og ledegjerder. Namn som Reinsgrovene og Gravhalsen fortel om dette. Fangstanlegga i området ved Jøtebotn ved Raudeggi og Fessene er og viktige døme. Også i Drøfteskardet ved Bleia er det registrert dyregraver. Dette må sjåast i samanheng med fleire registrerte fangstanlegg lengre søraust i dette fjellområdet.

Vegar og ferdselsårar er sentrale kulturminne i Nærøyfjordområdet. Av dei eldste vegane er stien frå Fronnes, opp Frondalen og over fjellet til Raundalen. Denne vegen skal i fylgje eit segn ha vore nytta av kong Sverre. Elles finn ein fleire døme på stølsvegar frå gardane og opp til stølar i høgfjellet. Rimstigen ved Bakka er eit godt døme. Stalheimskleivi, vart bygd ut til kjerreveg i 1840 åra. Dette opna for transport av turistar frå Gudvangen opp til Stalheim hotell. Vegen er verdsett som eit kulturminne av nasjonal verdi og er føreslege verna etter kulturminnelova. Postvegen mellom Bleiklindi og Styvi vart bygd kring 1660 og nytta til å komme forbi den dårlege isen på fjorden om vinteren. Frå Styvi gjekk posten vidare med båt. Denne vegen er i dag i god stand og mykje nytta som turveg. Postvegen mellom Bleiklindi og Styvi er ein del av den kongelege postvegen mellom Bergen og Oslo, som ein og finn restar av i m.a. Nærøydalen og ut til Bakka.

I Nærøydalen finn ein gode døme på rassikringstiltak, alt frå tiltak som er opp til 100 år gamle til moderne vollar bygd med maskinkraft. Eit godt døme, som òg syner att i terrenget, er ein stor mur som er sett opp framom tunet til garden Gudvangen. Denne er sett opp kring 1900 for å sikre bygningane mot lufttrykket frå eit stort skred som går på andre sida av dalen.

I samband med nasjonal registrering av kulturlandskap er Nærøyfjorden utpeika som eit av 104 nasjonalt viktige kulturlandskapsområde (Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap 1994). Landbruket har gjennom alle tider sett spor etter seg i landskapet. Det tradisjonelle kulturlandskapet utgjer ein mosaikk av åker, slåtteteigar, beitemark, område med spor etter styving, stølar og gardstun. Landbruk i området held mykje av kulturlandskapet ved like i dag, men mange område er likevel ute av bruk og i sterk gjengroing. Mange av kulturlandskaps-områda og bygningsmiljøa er visuelt viktige frå fjorden m.a. fordi dei gjev målestokk til det dramatiske fjordlandskapet.

(Banner bilete: Ras i Nærøydalen, fotograf Margunn Hylland). 

Les om våre partnarar