Kulturhistorisk leksikon

Dei fleste av bygdene og grendene i Verdsarvparken er moderne samfunn med fast busetnad, men nokre grender og gardar har vorte fråflytte. Desse har likevel fått ein ny bruk gjennom turisme og friluftsliv.

Heilt sidan steinalderen har menneska nytta ressursane i dette området til jakt og fangst, medan bondesamfunnet har prega landskapet med busetnad og kulturpåverka vegetasjon. Fjordlandskapet er difor ikkje berre resultat av naturlege endringsprosessar, men er òg i stadig endring grunna aktivitetane til menneska som lever i området.

Eit samfunn i utvikling
Det ligg eit stort lokalt engasjement i området, som gjev utslag i satsingar på framtidsretta næring, særskilt knytt til landbruket. Det finst òg tilbod frå lokale tilbydarar innan det som kan kallast opplevingsturisme. Dei fleste tilboda her har fokus på naturopplevingar gjennom båtturar med kajakk elle robåt, fotturar og sykkelturar med guide. Ofte er også smaksopplevingar ein del av opplevingane.

I tillegg finst det eit variert tilbod innan festivalar, arrangement og tilrettelagde tilbod. Både marknader og festivalar fokuserer på lokal kunst, kultur og formidling av lokale natur- og kulturverdiar.

Dei tre sentrumsområda i Verdsarvparken er Vikøyri i Vik kommune, Lærdalsøyri i Lærdal kommune og Aurlandsvangen i Aurland kommune. Flåm og Undredal i Aurland og Fresvik i Vik er tre noko mindre, men svært levande bygdesamfunn der det går føre seg mykje utvikling. Fleire små grender ligg inne i eller tett opptil verdsarvområdet. Inne i verdsarvområdet ligg Bakka, Gudvangen og Nærøy, og Stalheim. Nært opptil ligg Vassbygdi i Aurland og Frønningen i Lærdal. Ein har fleire gardar eller grender utan fast busetnad, som likevel har stor aktivitet om sommaren, som grenda Dyrdal og gardane Styvi og Stigen langs fjorden, og Sinjarheim i Aurlandsdalen.


Otternes Aurland Naroyfjorden Foto Mal Dickson
Les om våre partnarar