Kompetanse

Behovet for kunnskap er stort i arbeidet med den type utviklingsprosessar som Verdsarvparken ynskjer å stimulere. Nærøyfjorden Verdsarvpark samarbeider difor med forskingsinstitusjonar og Høgskulen i Sogn og Fjordane om kunnskaps og kursutvikling.

Det viktigaste fokuset for Verdsarvparken er likevel å bidra til kompetanseutvikling på grasrota. Her står vertskapsrolla og kunnskap om formidling av natur- og kulturarven sentralt. FORUM FOR INTERPRETASJON er eit samarbeidstiltak mellom Nærøyfjorden Verdsarvpark og Aurland natur og kulturarv. Kurset “Bli bygdevert” er det første tunge løftet i dette arbeidet. 
 

For å oppmuntre lokal kunnskapsutvikling har Nærøyfjorden Verdsarvpark arrangert kurs i blant anna; skilting og rydding av turstiar, restaurering av bygg, murekurs, vertskapskursog workshops i geologi for lærarar i barnehage og skule. Parken arrangera òg guida turar i verdsarvnaturen med tema som geologi, biologi, og kulturlandskapet.

 

Les om våre partnarar