Nærøyfjorden Verdsarvpark arrangera gjennom prosjektet Levande Fjord, dialogkonferansar. 

Aktørar som i si verksemd tek gjennomgripande ansvar for fjordmiljøet bør på ein eigna måte ha fortrinn med omsyn til å assosiere seg med verdsarvstatusen. UNESCO sin intensjon med Verdsarvlista er å nytte den auka attraksjonskrafta statusen fører med seg til å utvikle næring som bidreg til å styrke verdsarvkvalitetane og forvaltinga av desse. Me har som nasjon, region og lokalsamfunn teke på oss eit ansvar for å forvalta verdsarvstausen for Vestnorsk fjordlandskap innanfor denne ramma.

Føremålet med konferansen var å skapa ein arena for dialog mellom ulike partar som vil samhandle om å forstå nosituasjonen  og avdekke utfordringar og finne dei framtidsrettaløysningane for ein berekraftig fjord. 



Les om våre partnarar