
Historikk:
I mai 2003 vart Nærøyfjorden Landskapsvernområde opna i Aurland, Sogn og Fjordane. Les meir
Som ei markering av opninga av landskapsvernområdet, og som ei midtsommarsfeiring, vart den første Åreleiken arrangert 20.-21.juni 2003.
Åredrivne fartøy av alle slag vart inviterte til ei sosial og fysisk utfordrande naturoppleving i det nyleg verna fjordlandskapet, frå Gudvangen til Flåm.
Rundt 100 personar deltok i den første Åreleiken, med kajakkar og robåtar av ymse slag. I 2004 var 130 roere og padlarar med rundt Beitelen. Dette året hadde vi og eigen konkurranseklasse for første gong.
I 2005 snudde vi heile Åreleiken, - starta i Flåm og endte opp i Gudvangen. Dette viste seg å vere eit godt val, som folk sette pris på.
Det var fint å starte i den store, opne Aurlandsfjorden og runde Beitelen før solgangsbrisen kom. Då fekk man nyte den roligere Nærøyfjorden mot slutten av turen, og den vakre “innsikten” fekk tankane bort frå trøytte armar.
Ei anna fin mulegheit som kom med å snu Åreleiken, var at me kunne legge inn ei overnatting på Stokko for dei som ville starte fredag kveld. I 2006 og 2007 var det nærare 100 personar som overnatta i telt og storkosa seg med midtsommarsbål, i og ved fjorden!
For dei som starta på laurdagen frå Flåm, var Undredal ei fin plass å ta lunsjpausen. I Dyrdal i Nærøyfjorden tok huldrene vel i mot alle åreleikarane med god, heimelaga mat.
Vel framme i Gudvangen fekk folk tid til å skifte og roe ned før kveldens høgdepunkt, - fest på Gudvangen Fjordtell med grillbuffet og dans til levande musikk.
Åreleiken 2010
Set av datoane allereie no: 25.-26.6.2010
Vi har fått mange tilbakemeldingar på at folk har kost seg på Åreleiken, og gjerne vil forsetje tradisjonen. Det vil vi også, og etter 2 års pause inviterer vi til Åreleik att. Denne gongen er Åreleiken eit samarbeid med Statens Naturoppsyn (SNO) og Nærøyfjorden Verdensarvpark,
Vi ynskjer både gamle og nye åreleikarar, i alle slags åredrivne fartøy, velkomen til Aurlands- og Nærøyfjorden den siste helga i juni 2010.
Turen vil starte i Flåm og ende opp i Gudvangen.
For dei som ynskjer overnatting undervegs, legg me opp til start fredag 25. juni, og teltleir med bål på Stokko. Pga begrensa plass til telt og kajakkar blir det eit tak på 100 personar for overnatting Stokko. Først til mølla…. Elles går det fint å overnatte i telt i Undredal.
Det blir sjølvsagt også høve til å starte laurdag, og ta heile turen på ein dag.
Huldrene vil vere på plass i Dyrdal,
og tradisjonen tro vert det fest på Gudvangen Fjordtell laurdag kveld.
Kontakt:
areleiken@naroyfjorden.no
Dee Cuningham og Hege Strømme
Sjå bilete frå tidlegare arrangement: