Prosjekt: Besøksforvaltning
Over heile verda er reiseliv den største trusselen mot verdsarvområda. Samtidig er reiselivet også den største moglegheita til verdiskaping i dei same områda. Gjennom samarbeidet med Unesco kan me bli ein pilot for korleis det går an å utvikla ei berekraftig forvalting av slike område.
Hanne Lykkja er leiar for eit prosjekt om besøksforvalting og lokal samfunnsutvikling. Ho er tilsett i Nærøyfjorden Verdsarvpark som gjennomfører prosjektet på vegne av Verdsarvrådet for Vestnorsk Fjordlandskap. Det vil seia områda i og rundt dei to fjordområda som for ti år sidan fekk plass på verdsarvlista til Unesco.
I sommaren 2015 gjennomførte Transportøkonomisk institutt og Universitetet for miljø og biovitskap på Ås spørjeundersøkingar av turistar frå inn- og utland. Vi har fått inn over 3000 svar, og no skal forskarane rekne på kva for verdiskaping dei ulike turistgruppene står for. Vi treng meir kunnskap for å velje kva for reiseliv vi bør satse på.
Aurland naturverkstad har utarbeidd ein landskapsanalyse som vi skal jobbe vidare med i lag med kommunane, vernestyresmaktene, reiselivsnæringa og lokalsamfunna. Målet er å finna ein balanse mellom å ta vare på viktige verneverdiar, gje dei besøkjande gode opplevingar og auka den lokale verdiskapinga.
Det blir ny runde med folkemøte over sommaren. Då skal vi i lag med lokalsamfunna sjå på kva for område som eignar seg for ulike typar turisme, kva for område som vi ser har utfordringar i dag, og utarbeide forslag til tiltak for ei meir aktiv og heilskapleg forvaltning. Vi veit at verneområdestyret jobbar for å få målt eller overvaka utvasking av strandsona i Nærøyfjorden. Kanskje kan vi alt neste vinter fremje tiltak basert på denne kunnskapen.
Østerbø Fjellstove ligg 820 m.o.h. like ved Aurdalsvatnet i Aurlandsdalen og er eit utmerka utgangspunkt for korte og lengre turar i den vakre Aurlandsdalen. Fjellstova har òg røter attendes til 1600-talet, med bygningar og spor etter lafta bygg frå 1740-tallet.