Vårskitur til Bleiaplatået Laurdag 30. april

Nærøyfjorden Verdsarvpark inviterar dykk med på ein tur til Bleia i Lærdal kommune, eit av dei mektigaste og mest eigenarta fjella langs Sognefjorden.  Det er eit gamalt og geologisk aktivt fjellandskap forma av bre-isen, men som og har restar etter slettelandet før istidene. Turen frå Sluppen til Bleiaplatået ei stor naturoppleving, der du og får lære om dei fantastiske verdiane i det området som turen går gjennom: Bleia-Storebotnen landskapsvernområde og Bleia naturreservat, begge ein del av verdsarven Vestnorsk fjordlandskap. Bleiaplatået byr på fantastisk utsikt over fjella og fjordane rundt.

Velkomen med på tur!

Påmeldingsfrista er 26. april! sjå plakaten for meir informasjon, den kan du òg laste ned som pdf her. 

Les om våre partnarar