Back to All Events

Stølshelg i Undredal


Stølshelg-Undredal2018.png

Velkomne til stemningsfull stølshelg med kjekke opplevingar og god mat og drikke - for både born, unge og vaksne!

PROGRAM:

FREDAG 27.JULI

Kl. 11.00   Tur til Hovdungo med guide                                                                         

Oppmøte på Snuplassen. Ta med mat og drikke, det vert servert kaffi og kake på Hovdungo. Klede og sko etter været, ferdsel på eige ansvar.

kr. 100,- per pers. GRATIS for born. Ta med kontantar

Kl. 21.00   Irsk musikk i norsk setting: Killieburne Brae

Inng.bill. kr. 250,-                                                                 

Arr. Opplev Undredal

LAURDAG 28.JULI

KL. 12.00-17.00   Stølsdag på Langhuso

Sal av mat; grillmat, lappar, kake og kaffi, rømmegraut og mylsa. Aktivitetar for store og små, bli med på natursti og jurklutkasting. Musikkinnslag på selbøen. Opne sel med smaksprøvar.

Åresal med flotte premiar frå; Livets krydder, Undredal Stølsysteri, Explore Undredal, Erna Underdal Skarsbø, Flåm Guideservice, Undredal Fjordkafe og Nærøyfjorden Verdsarvpark.

KL. 21.00   Konsert/dans med "Gamle sanger om igjen"

Musikk: Vintage Company

Inng. Bill.: kr. 250,-                                                                 

Arr. Opplev Undredal                   

Du kan kjøpe felles billett for begge kveldane på brygga for kr 400,-

Earlier Event: June 24
Guida tur i Aurland kommune
Later Event: July 28
ECO Rimstigen Opp 2018
Les om våre partnarar