Back to All Events

Skotårskarneval på Lærdalsøyri skule

Måndag 29.februar 2016 skipar Lærdal musikklag til karneval. 

Dei inviterer  alle sambygdingar, store og små, gamle og unge, til årets hending i storstova på Lærdalsøyri skule. Finn fram parykken eller tuper håret, leit i skuffer og skåp etter klede frå førre århundre. Kanskje dukkar det opp ei maske og! Det vert premiering av utkledde i ulike klassar.

Sjølvsagt vert det og korpsmusikk med feiande rytmar. Den står Flåm musikklag og Lærdal musikklag for. Lærdal songkort deltek og, med spenstige songar!

Sal av mat og drikke, utlodding av permiar på utkledd-nummer og på publikumsbillettar.


Les om våre partnarar