Søknadsfrist Aurland Naturfond-1. mars 2016!

Fondet har til føremål å gje personar i Aurland høve til erfarings –og kompetanseutvikling innan naturbruk og tilrettelegging for landskapsoppleving, småskala foredling og produktutvikling, natur- og landskapsformidling. Fondet skal i utgangspunktet fordelast gjennom årlege søknadar/ ubetalingar over ein periode på 20 år; noko som pt. tilsvarar om lag kr. 26 500,- pr. år.

Personar med bustadadresse i Aurland kommune kan søkje om midlar frå fondet. Midlane kan nyttast til ma. kurs, studiereiser, eller opphald i samband med opplæring. Omsøkt aktivitet eller tiltak skal inngå i ein plan for etablering eller vidareutvikling av eiga bedrift/ næring.

Det vert ikkje stilt krav om særskild eigendel.

Verdsarvparken sitt arbeidsutval er fondsstyre for Aurland Naturfond.

Meir informasjon om fondet finn dykk her: Aurland Naturfond. 

Vedtekter for fondet finn Kan de lasta ned her.

Nærare informasjon ordninga få De ved å ta kontakt med dagleg leiar på tlf. 95 17 25 95 eller e-post erling@naroyfjorden.no

Søknad vert å sende innan 1. mars 2016 til Nærøyfjorden Verdsarvpark, Helabrotet 2A, 5745 Aurland eller pr. e-post til post@naroyfjorden.no

Les om våre partnarar