Back to All Events

Ryddedag langs fjorden

Torsdag 19.april trør mange gode krefter til og vil rydde boss langs begge verdsarvfjordane våre; Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden. Flåm skule og ABU stiller med mange klassar som vil bli frakta ut i terrenget med båt, buss, kajakk og sykkel! 

Nærøyfjorden verdsarvpark arrangerer denne dagen i samarbeid med med verneområdeforvaltar, SNO, Aurland kommune, næringsliv og frivillige lag.  Partnarar av Verdsarvparken er engasjerte; me får god hjelp frå Njord, Kystlaget, Visit Flåm, Vikingvalley, Fjordsafari, Aurland sparebank, Flåm skule, ABU og mange fleire. Ei slik stormønstring vitnar om at mange er opptekne av å ta vare på miljøet og naturen me har rundt oss! 

Desse fjordane har verdsarvstatus, og det er difor viktig å ha eit særleg fokus på opplæring og å skape engasjement rundt ivaretaking av naturen og landskapet rundt fjordane. Med aukande besøk og trafikk er det særs viktig å bli medvitne på kva det medfører av auka forsøpling. Me vonar at eit breitt samansett dugnadslag vil gi auka kunnskap hjå mange brukargrupper og at ringverknadene kan bli positive med det resultat at vi får mindre søppel langsmed strendene. Skuleelevane vil plukke søppel over store område denne dagen – både langs strendene og i bygdene. Du kan også gjere ein innsats: plukk søppel i nærmiljøet ditt eller langs vegen du likar å gå tur!

 

Earlier Event: March 15
Voksesmerter II
Later Event: June 24
Guida tur i Aurland kommune
Les om våre partnarar