Regionsamling for organisasjonseigde kulturbygg

REGIONSAMLING FOR ORGANISASJONSEIGDE KULTURBYGG 

Møtet finn stad i Trudvang ungdomshus på Aurlandsvangen. 

Ynskjer du å styrke ditt lokale kulturbygg? Då er dette samlinga for deg.

• Om ”Huset i bygda” (Ingunn Nyheim, prosjektleiar i ”Huset i bygda”)

• Aktivitet og økonomi – tips og idear (Ingunn Nyheim)

• Tilskotsordningar og søknadsskriving (Ingunn Nyheim)

• Oppstart og informasjon om Kulturminneplan for Aurland kommune. (Martin Hendriks, Aurland kommune)

Målgruppe : Alle som er med å driftar eit organisasjonseigd kulturbygg (grendahus, ungdomshus, samfunnshus, bygdahus, bedehus, lagshus, m.m. ,samt sogelag, grendalag, m.m.)

”Huset i bygda” ynskjer å registrere kulturbygga i Aurland kommune i ein nettbasert husdatabase. Vi set stor pris på om de sender foto/info (sjå vedlegg) av kulturbygget dykkar på e-post, eller tek dette med på samlinga!

Det vert enkel servering. Kveldssamlinga er GRATIS.

PÅMELDING INNAN SØNDAG 13.MARS Send e-post til : husetibygda@ungdomslag.no eller send sms/ring til mobil 97 40 36 99 (Hugs å skriv namn på deltakar / kulturbygg og e-post)

Program for Kulturminnekvelden finn du her. 

Les om våre partnarar