Back to All Events

Natur- og kulturvandring Varpet - Svartavatnet i Ferios

Tema for denne flotte natur- og kulturvandringa i Feios er samspelet mellom naturgrunnlag og kulturpåverknad, og kva som bestemmer artsmangfald og naturlandskapet. 
Frå Varpet til Svartavatnet vandrar me gjennom Haugsetedalen og Gullsetedalen, som byr på høvesvis lett turterreng i storslagne omgjevnadar av høge, bratte li- og fjellsider.

Turleiarane - kjentmennene Gunnar og Bjørn Grindedal og biolog Siri Bøthun som deler av sin kunnskap om kulturhistoria i dalen og om økologi og naturmangfald.

Målet er å gje tur-fylgjet ei flott naturoppleving samstundes som dei får ei auka innsikt i korleis kulturhistoria påverkar vegetasjonen i samspel med naturtilhøva. Me får høyre om stølane me passerer og bruken av området historisk og i notid. Me får og lære om kvifor vegetasjonen endrar seg frå skogsområda og opp i fjellet, og kva som særpregar naturen i denne delen av Verdsarvområdet. 

Me samlast på Varpet, på ca 360 moh., og køyrer ein skogsveg fram til parkering nedst i Haugasetedalen. Herifrå går turen i slak motbakke forbi to stølar og vidare opp i snaufjellet. Stien er bratt eit mindre stykke ved Brekka, elles er stigninga jamn og moderat. Turmålet er Svartavatnet, på 1000 moh. Svartavatnet er eit botn-tjern, og ligg i ein fin, bre-erodert botn på nord-vestsida av Fresvikbreen. 

Turen er berekna å ta kring 6 timar inklusive god tid til pausar og ein matpause ved Gullsete. Me held roleg tempo, og turen er fin for familiar med barn som er vande med å vere med på tur. 

Ta med mat, drikke.te, sitjeunderlag og elles klede etter været.
Ein treng gode tursko, men tunge fjellstøvlar er ikkje naudsynt.

Frammøte på Varpet i Feios (på austsida av dalen, like forbi Grinddal) kl. 10.00.

Kontaktperson:
Gry Mørk     Tlf. +47 95141438     e-post:  gry@naroyfjorden.no 

 

Earlier Event: June 30
Aurlandsmarknaden 2017
Later Event: July 27
FRES festival 2017
Les om våre partnarar