Markering av fri ferdsel på Nyvegen til Jordalen

Nyevegen vert permanent opna for trafikk torsdag 12. mai 

Dette vil Jordalen markera fredag 13. mai kl. 19.30 Då stiller dei (og dykk?) opp i laaang kolonne i Truflateigen (Der gamle- og nyevegen møtest i Jordalen) 

Kolonna køyrer ned gamlevegen og "tutar ut" Gjelet (me legg oss på fløyta)! Me køyrer utatt nyevegen, og på langstrekka "tutar me inn" nyetunnellen! Vel ute att tek me ein skål for nyevegen og grillar pølse på bålpanner Ta med pølser og det du måtte ynskja av drikke Helsing styret i Jordalen Grendalag 

P.s. Offisiell opning av nye Jordalsvegen og Holmen Kraftverk vert laurdag 18. juni Set av helga! 

 

(Framside bilete: Jordalstunnelen- Roald Nåsen Netland)

Les om våre partnarar