Back to All Events

KURS I STI-VEDLIKEHALD


KURS - Stivedlikehald 08052018.jpg

Nærøyfjorden Verdsarvpark ynskjer velkomen til innføringskurs i vedlikehald av gamle ferdselsårar, som til dømes kløvjavegar.

Tema på kurset vil vere vedlikehald av gamle stikkrenner, steinlagde myrområde, tørrmurar og trinn. Kurset er meint for deg som er eigar eller deg som er engasjert i ivaretaking av kulturlandskapet i verdsarvområdet og innfallsportane rundt, som Aurlandsdalen.

KURSINFORMASJON: Kursinstruktør: Berit Bruvik, frå Berit Bruvik Tørrmuring.

Tid: 8.-10. juni

Fredag: Teorikveld på Rådhuset i Aurland (kommunestyresalen) 18.00-21.00

Laurdag: Feltarbeid i Aurlandsdalen/Vassbygdi frå 9.00-16.30

Søndag: Feltarbeid i Aurlandsdalen/Vassbygdi frå 9.00-16.30

Pris: 500,-

Servering: Enkel lunsj og kaffemat er inkludert i kurskontingenten.

Ta med: Personleg verneutstyr som hørselsvern, augevern og hanskar, arbeidsklede og gode sko, steinverktøy som steinhammar meislar, sleggje, spedt, spade, krafse osv., drikke og turmiks.

Earlier Event: May 10
Stalheimskleiva Opp 2018
Les om våre partnarar