Kongevegsmarsjen frå Bleiklindi til Styvi

Kongevegsmarsjen  langs ville og vakre Nærøyfjorden, går frå Bleiklindi til Styvi.  Dette er ei lett og flott vandring (ca5,5km/1,5t) på delar av den gamle postvegen mellom Bergen og Oslo.  Turen vert arrangert årleg av Styvi Gardsmuseum med samarbeidspartnarar.

Garden Styvi ligg på austsida av  Nærøyfjorden. Her har det budd folk sidan vikingtida. Husdyrhald har vore hovudlevevegen i fleire generasjonar. Styvi har og vore skyss- og postgard. I 1993 vart garden opna som eit gardsmuseum med stor samling av reiskap og innbu.

Mellom Styvi og Bleiklind kan ein oppleva følgjande attraksjonar:
- Galden er eit bratt og smalt parti, her ligg vegen på steinmurar som går ut i sjøen.

- På Klungrenes står ei gamal høyløe. Her slo dei, hausta lauv frå bjørk, plukka hasselnøtter og hogg tønneband.

- Odnes var ein del av slåttemarka på Styvi.

- På den andre sida av fjorden ser de Breiskreda. Det lyse fjellet (anorthositt) gjer at raset frå 1983 er tydeleg. 

- På Holmo opnar landskapet seg. Her var slåttemark og vårstøl for Styvi. Her ligg også den store gravrøysa frå bronsealderen. 

- Bleiklindi er eit lindetre som vart freda som naturminne i 1933 fordi det sprett med gule blad og fell grøne blad om hausten.

Les om våre partnarar