Back to All Events

Klima. og miljøminister Vidar Helgesen opnar Grøn fjord konferansen 2018


Flåm AS 23.8.17.915.jpg

Den 8.-9. februar 2018 arrangerer Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv for tredje gong GRØN FJORD- KONFERANSEN. Klima- og miljøminister Vidar Helgesen vert til stades på fyrste del av konferansen og vil stå for opninga. Ministeren har vore svært tydeleg i sakene som vedkjem forureining i verdsarvfjordane, og arrangøren ser med glede og stor forventing fram mot m.a. Sjøfartsdirektoratet sin presentasjon av tiltak i verdsarvfjordane.

Denne gongen får konferansen ei fantastisk opptakt gjennom ein båttur inn fjordane våre: Arrangøren har fått på plass ein avtale med The Fjords, og konferansedeltakarane kan stige om bord i båten «Vision of The Fjords» i Ålesund og bli frakta heilt inn til Geiranger, der hovudtyngda av programmet vil finne stad. Fartyet er ein nyskapar, bygd etter dei nye krava til passasjerfarty med batteridrift (hybrid), og sjølve designet på båten har vekt stor merksemd med sin inspirasjon frå spektakulært fjordlandskap. Fartyet vart kåra til «Ship of the year 2016» på verdas største skipsfartsmesse SMM i Hamburg.

Sjølve konferanseprogrammet vil starte på båten, og her vonar vi òg statsråd Vidar Helgesen vil delta. Konferansen har frå fyrste år vore ein viktig møteplass for inspirasjon og kunnskapsbygging kring grøne løysingar, forsking og berekraftig utvikling. Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv ynskjer m.a. gjennom denne konferansen å ta dei statlege ambisjonane for verdsarvområda på alvor: «Norske verdsarvområde skal utviklast som fyrtårn for den beste natur- og kulturminneforvaltinga»1 .

Under årets konferanse vil deltakarane òg få grundigare innblikk i dei tiltaka Sjøfartsdirektoratet tilrår at det arbeidas vidare med for å få meir miljøvenleg ferdsel på fjorden, og vi utfordrar fagmiljø, forvalting og politikarar til å seie noko om korleis vi i praksis kan nå dei statlege ambisjonane for verdsarvområda. Eit svært spanande program er under oppsegling, og Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv vonar flest mogleg prioriterer å delta på Grøn fjord-konferansen 2018. Den vert garantert makelaus!

Komplett program er snart tilgjengeleg. Det vert opna for påmelding med det fyrste.

For meir informasjon – kontakt:                                                                                        Merete Løvoll Rønneberg,                                                                                        fungerande dagleg leiar i Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv

Mobil: 99 37 65 85 Mail: merete@verdsarvfjord.no

Les om våre partnarar