Back to All Events

GRØN FJORD KONFERANSEN 2018


Foto: Sverre Hjørnevik

Foto: Sverre Hjørnevik

Årets konferanse har fått tittelen: «Verdsarvfjordane - Noregs framtidige, GRØNE FYRTÅRN?» Den 8.-9. februar 2018 arrangerer Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv for tredje gong GRØN FJORD - KONFERANSEN.

Konferansen har frå fyrste år vore ein viktig møteplass for inspirasjon og kunnskapsbygging kring grøne løysingar, forsking og berekraftig utvikling. Dagsaktuelle tema vert sett på dagsorden og vi spør oss: «Kan vi snu blårøyk, eksos, trafikkaos og fråflytting – til grøne, reine og idylliske fjordsamfunn i vekst? Har vi gode nok verkty for å nå visjonen om «sporlaus ferdsel»? Er næringslivet klar for den grøne omstillinga?» 

Konferansen er open for alle og Grøn fjord partnarar får medlemspris. Er du ikkje partner, men ønsker å bli det, kontakt oss i dag! 

Bestill plass på GRØN FJORD KONFERANSEN! Den vert garantert makelaus!

NB! Det er begrensa plassar på båten og konferansen, så ver raskt ute å bestille plass om du vil sikre deg deltaking, det kan verte rift om plassane! 
Programmet finner du her: fjordsenter.com/wp-content/uploads/2018/01/gron-fjord-konferansen-2018.pdf 

Les om våre partnarar