Seminar: Fred og solidaritet i ei verd i endring


Frå 29.april – 1.mai 2016 arrangerar Sogn Jord – Og Hagebruksskule fredsseminar i Aurland. Møt Fredrik Græsvik og andre kjente aktørar i paneldebatt om fredsbygging.

Program:

FREDSSEMINAR VED SOGN JORD OG HAGEBRUKSSKULE 29. APRIL – 1. MAI 2016

Fredag 29. april
Kl. 18.00 Opning ved Grindbygget på SJH. Fredsappell ved Jennifer frå Guatemala, inspirert av Mayaindianarkulturen. Musikkinnslag av elevar frå kulturskulen i Aurland og folketonar av danske Sofia som er tidlegare elev ved jordbruksskulen
Kl. 19.30 Konsert i Aurland kyrkje med Berit Opheim
Kl. 20.45 Kveldsmat med levande musikk på Mariannes kafé

Laurdag 30. april
Kl. 10.00 Grautfrukost ved Grindbygget
Kl. 12.00 Innlegg og paneldebatt i Trudvang: Korleis skape fred og solidaritet i ei verd i endring? (Korleis kan vi i eit lite lokalsamfunn bidra til fred og solidaritet?) Deltakarar: Fredrik Græsvik, Hanne Heszlein Lossius, Hiam Al-Chirout, Aksel Hugo og Anne Magrete Hatlelid
Kl. 15.00 Lunsj – Økologisk grønsakssuppe i Trudvang
Kl. 16.00 Ulike workshops på SJH i kunst, hagearbeid, kommunikasjon og dans/musikk
Utstilling i Folkegalleriet Fredsbilete laga av barn ved flyktningemottaket i Årdal og av barn frå Aurland kulturskule. Fotoutstillinga «Children in the sun» av Marianne Skudal
Kl. 19.30 Festmiddag med rettar frå Midtøsten. Kulturelle innslag under middagen

Sundag 1. mai
Kl. 11.00 Vandring i landskapet. Fredstankar og forteljing. Oppmøte ved Grindbygget.

Praktisk info:

Prisar for laurdag og sundag:
400 kr for vaksne
300 kr for studentar
200 kr for barn

Frist for påmelding: 15. april
Betal ved påmelding til kontonummer: 3745 30 81 096
Hugs å merke betalinga med namn

Spørsmål? Kontakt Marianne Skudal på nr. 41 76 36 57

Last ned programplakaten her. 

Vel møtt!

Les om våre partnarar