Back to All Events

Familietur til husmannsplassen Hausen

Bli med oss på tur! Husmannsplassen Hausen ligg på ei lita, solrik flate i Bleia naturreservat i Lærdal kommune. 

Stien til Hausen slynger seg 200 bratte høgdemeter oppover Hausanosi, frå foten av fjellet og oppover og oppover mellom gamal og høgreist skog, fram til der stien går inn mot lysninga i skogen der murane etter gardshusa framleis står att. 
Frå Hausen kan du sjå langt. Her er utsikt utover Sognefjorden mot Kaupanger og Leikanger og innover Sognefjorden og fjordarmane Årdalsfjorden og Lærdalsfjorden.

På turen får du lære litt om både natur og historie i dette området. Rein-Arne Golf, lærdøl og naturoppsyn, blir med på turen som guide.

Turarrangementet er ope for alle, men vil tilpassast familiar med born og ungdom i varierande aldre. 
Turen er den fyste av årets fire guida turar som Nærøyfjorden Verdsarvpark arrangerer i og kring verdsarvområdet.

Praktisk informasjon:
Oppmøte, tilkomst og parkering
- Kl. 12 ved starten av stien (ved brua ved Hausagjelet)
- NB: Det er usikkert om vegen ut Hausen er køyrbar med bil den dagen turen skal vere. Kontakt oss for nærare opplysningar om dette i forkant, om du ikkje planlegg å gå eller å sykle dit. 

Utstyr
- Ta med sitjeunderlag, gode tursko og elles turklede etter været.
- Ta med eigen niste og rikeleg med drikke. Det er ikkje vatn på Hausen.

Kontaktperson:
Gry Mørk/ Nærøyfjorden Verdsarvpark - tlf. 95 14 14 38
- mail: gry@naroyfjorden.no

Arr.:
Nærøyfjorden Verdsarvpark
Barnas Turlag i Lærdal

Les om våre partnarar