Back to All Events

Familietur til Botn i Undredal

Undredalselvi i Botn, foto: Pascale Baudonnel

Undredalselvi i Botn, foto: Pascale Baudonnel

Den gamle stølen Botnen - heilt inst i Undredalen, på sida av/bak Gudvangatunnellen - er ei bortgøymd og ukjend lita naturperle for dei aller fleste.

Verdsarvparken ynskjer difor i år å invitere alle til ein kjekk familietur dit i lag med Anna Elise Borlaug frå Fjord- og Fjelldraumar, som blir med som lokalkjendt turleiar og guide.

Turen tek ca. 30 min ein veg og går i ganske slakt terreng langs ein ulendt sti i variert terreng. Framme i Botn tek me oss god tid til å vere, til å prate, ete, leike - og, om det er bær der då, til å fylle nokre koppar med nyplukka blåbær som me kan nyte på staden.

Etter at me har kome attende frå Botn om ettermiddagen kan dei som vil bli med på stølen Langhuso. Her kan ein få helse på geitene og sjå på mjølkinga av dei på nært hald :)

Praktisk informasjon:
- Ha på gode sko og klede etter været
- Ha med sitjeunderlag, eigen niste og drikke
- Ha med kopp/spann/pose til å plukke bær i.
- Turen kostar kr. 50,- pr. familie. (Ta med kontantar)

Oppmøte:
- på stoppestaden / infoplassen ved avkøyringa frå E16 til Undredal, kl. 1145

VELKOMEN MED PÅ TUR!

Earlier Event: August 18
Bringebærfestivalen 2017
Later Event: September 2
Kulturminnedagen 2017
Les om våre partnarar