Aurlandsseminaret 2016- Koplar bonden og forbrukar


Koplar bonden og forbrukar

Den 5.-6.februar arrangerast Aurlandsseminaret i regi av Sogn Jord- og Hagebruksskuke. Hovedtema er korleis bonden skal få betre grep på verdikjeda i ein marknad i endring. Det er store moglegheiter når forbrukaren har vorte meir bevisst.

- Marknaden for lokalmat har eksplodert dei siste åra og det er eit sug etter godt handverk. Nå gjeld det at bonden utnytter dette og tek grep rundt verdikjeda av det han eller ho produserer, seier Hans Avdem, som er ein av elevane som er med i arrangementskomiteen.

Årets Aurlandsseminar sitt hovudtema er korleis bonden kan utnytte potensialet til ein marknad i endring og det kjem eit spannande panel med lang fartstid frå vegen mellom bonde og forbrukar. 

Informasjon om dei som skal halda innlegg kan dykk finna på heimesida til Aurlandsseminaret.

Aurlandsseminaret har vorte ein årleg tradisjon ved Sogn Jord- og Hagebruksskule. Seminaret blir arrangert til inspirasjon og kunnskapsutveksling rundt dagsaktuelle tema. Bønder, forbrukarar og alle som er interessert i utvikling av landbruk og matproduksjon er velkommen til to spennande dagar i Aurland.

For meir informasjon om programmet ta kontakt med:

Hans Avdem

Hans Avdem, Sogn Jord- og Hagebruksskule

E-post: hansavdem@gmail.com

Telefon: 90894844

For påmelding og praktisk informasjon sjå her:

www.aurlandsseminaret.org

Les om våre partnarar