Back to All Events

Aurlandsmarsjen 2016

31. juli 2016 kan Aurland kommune, Venner av Aurlandsdalen og Aurland Røde kors invitera til den årlege Aurlandsmarsjen gjennom den unike Aurlandsdalen frå Østerbø 820 moh til Vassbygdi 83 moh

Påmelding: På Østerbø mellom kl 08.30-10.30

Startkontingent: Vaksne kr 100,- / Born gratis

Turløype:

Østerbø-Sinjarheim-Vassbygdi er om lag 19 km, og turen tek 6-7 timar. Stien er god, og middels lett å gå.

På Sinjarheim er det naturleg å ta ein matpause. Venner av Aurlandsdalen har eige program på Sinjarheim.

Transport: Ekstra bussar vert sett opp frå Vassbygdi om morgonen i tillegg til ordinær rutebuss.

Innkomst: Vassbygdi

Det vert delt ut diplom til alle marsjdeltakarar, og premie for gjennomførte 5,10,15, 20 og 25 gonger.

 

Meir info vert å finne etter kvart på heimesida til Aurland kommune

www.aurland.kommune.no Her vert òg rutetidene for rutebussen lagt inn når dei er klare.

Informasjon:

Aurland kommune 57 63 29 00 og Vassbygdi Servicebygg 95 98 46 18

Arrangørar:

Aurland kommune, Aurland Røde Kors og Venner av Aurlandsdalen

Earlier Event: July 30
E-CO Rimstigen Opp 2016
Later Event: July 31
Guida Vandring i verdsarven
Les om våre partnarar