Oct
26
8:30am 8:30am

Symposium "Benkene på Vangen"

benkene på vangen.jpg

Aurland kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterar symposium i Aurland om natur, folk og stad i utvikling. Velkomen   til ope hus på Trudvang torsdag 26.oktober kl 08.30-16.00.

PÅMELDING|AURLAND KOMMUNE
Send påmelding til Inge Håvard Aarskog, næringssjef i Aurland kommune på e-post: iha@aurland.kommune.no
Frist: Torsdag 18. oktober 2017
For meir informasjon kontakt Inge Håvard Aarskog i Aurland kommune.
Mob: + 47 94801823. E-post: Inge.Havard.Aarskog@aurland.kommune.no
eller Mona Elisabeth Steinsland, Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Tlf.: + 47 57638118. E-post: Mona.Elisabeth.Steinsland@sfj.no

Program for symposiet finn du her: 

View Event →

Oct
19
6:00pm 6:00pm

Har du eit hjarte som for Aurlandsdalen bankar....

Aurlandsdalen - ope møte 2017-web.jpg

Prosjektet ”Nye Aurlandsdalen” inviterer til ope møte der vi m.a. vil orientere om kva som er gjennomført av ulike tiltak og kva som vidare er planlagt utført i tida frametter.

Saklista vil elles ta opp til drøfting og innspel fylgjande tema: 
Køyreplan for å handtera akutte naturhendingar.
Levande landskap i Aurlandsdalen.
Samband? Samarbeid? Aust/Vest. 
Parkering - kva er status, evt. kva treng vi?
Ymse.
Ta med engasjement, kreativitet, tankar, innspel, løysingsforslag, praktisk erfaring, nyfikne og arbeidsglede.

Vel møtt!

Tid: 19. oktober
Kl: 18.00-20.30
Stad: E-CO sitt administrasjonsbygge i Vassbygdi

View Event →
Oct
8
10:00am10:00am

Kulturhistorisk tur Stalheim-Brekkedalen-Jordalen

plakatbilde-tur8okt.jpg

Søndag 8.oktober arrangerer Verdsarvparken og Jordalen Grendalag en guida tur strekninga Stalheim - Brekkedalen - Jordalen. Turen er ei vandring gjennom kulturhistoria i området.

Me går gjennom fleire stølsområde, flott kulturlandskap og på gamle ferdslevegar mv.
I Jordalen går me den nyskilta Gamlevegen frå Nåsen (Nosi) og fram til skulehuset, der me får servert suppe og høyre om Jordalen Grendalag sitt arbeid for å styrke og utvikle bygda si.

Turen går for det meste på grusveg og fin sti med moderate stigningar. Distansen er 15-16 km.

Guide på turen er Kari Mørkve Jordalen i lag med repr. for Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Turen er den 3. av årets guida turar i verdsarvkommunane i regi av Verdsarvparken, og er startskotet for vår markering av Dei norske kulturminnedagane 2017.

Praktisk informasjon:
- Ha med sitjeunderlag og høvelege turklede. Joggesko el lette tursko er tilstrekkeleg i tørt vær.
- Ha med drikke og matpakke.
- Pris pr. vaksen: kr. 150,- (dekkjer mat, guiding og evt. skyss)
- Pris pr. born (6-16 år): kr. 50,-
- Oppmøte: Stalheim

Påmelding innan torsdag 05. oktober 2017.

Kontaktperson: 
Nærøyfjorden Verdsarvpark v/ Gry Mørk
- tlf. 95 14 14 38
- e-post: gry@naroyfjorden.no

View Event →
Oct
5
5:00pm 5:00pm

Kurs i søknadsskriving og rapportering

P1040280.JPG

Vil du søkje eller har du fått tilskot til restaureringsprosjekt? No kan du bli med på kurs i søknadsskriving og rapportering torsdag 5. oktober kl. 17.00–20.30 på Rådhuset i Aurland.

Program:

• Aktuelle tilskotsordningar (Norsk Kulturminnefond, tilskot til kulturminne på verdsarvlista, UNI, m.fl .)

• Kva er ein god søknad og kva er ein god rapport?

• Erfaringsdeling

• Hjelp til arbeid med eigen søknad/rapport

• Enkel servering

Målgruppe: Eigarar/forvaltarar av eldre bygningar og andre kulturminne, private og offentlege.

Påmelding innan 3. oktober. Kontakt tlf.: 951 41 438/e-post: gry@naroyfjorden.no

View Event →
Sep
22
to Sep 23

Norsk håndverksinstitutt har 30 års jubileum

hni2.png

Håndverksinstituttet fyller 30 år, dette blir markert i samband med Løfte håndverkets høstsamling. LØFTE HÅNDVERKET er interessenettverk for organisasjonar, miljø og enkeltpersonar som jobbar for å verne om tradisjonelle håndverksfag.

Fredag 22.september startar markeringa med samling og program som du kan lese meir om her: Invitasjon jubileumsseminar

Laurdag 23.september held markeringa fram med spanande seminar som du kan lese meir om her: invitasjon seminar  .

"Som en del av markeringen har vi invitert fire av instituttets tidligere håndverksstipendiater innenfor området bygghåndverk, til å dele noen av sine erfaringer med bygningsvern. Alle fire har på hvert sitt vis preget arbeidet med restaurering og utforskning av håndverksprosesser i Norge etter avsluttet stipendiatperiode."

Begge dagane foregår på Maihaugen, Lillehammer.

View Event →
Sep
9
9:00am 9:00am

Heildagskurs om sopp, husbukk og andre skadedyr i eldre bygningar og bygningsmiljø

Er du huseigar, handverkar, jobbar du innan museumssektoren eller annan forvaltning? 
09. september blir det arrangert EIT HEILDAGSKURS OM SOPP, HUSBUKK OG ANDRE SKADEDYR I ELDRE BYGNINGAR OG BYGNINGMILJØ, med Johan Mattsson frå Mycoteam som kurshaldar.

Kurset vil ha eit generelt fokus på dei skadar som kan opptre i samband med gamle bygningar, med særleg fokus på forholda som gjeld for skader på Vestlandet generelt og i Sognefjorden/ dei indre fjordstrøk spesielt: Ulike typar sopp og skadeinsekt (herunder husbukk).

Kurset finn stad på Otternes Bygdetun i Aurland kommune, og er eit samarbeid mellom Nærøyfjorden Verdsarvpark og Stiftinga Otternes Bygdetun.

Kurset kostar kr. 500,- (inkl. lunsj, kaffi/te og frukt).

Dette kurset er eitt av tre arrangement som Verdsarvparken held for å markere Dei norske kulturminnedagane 2017.

Påmelding innan: 6. september 2017

Kontaktperson:
Nærøyfjorden Verdsarvpark v/ Gry Mørk
tlf. 95 14 14 38
mail: gry@naroyfjorden.no

View Event →
Sep
2
to Sep 3

Kulturminnedagen 2017

Budeier på Langhuso kring 1918 (fylkesarkivet)

Budeier på Langhuso kring 1918 (fylkesarkivet)

Ekta stølsdag på Langhuso! 

Ein god tradisjon har vore stølsdag på Langhuso i Undredalen. Denne kan du få vere med på laurdag 2.september frå kl 12.00. Ein hel dag fylt med flotte opplevingar og herleg mat knytt til stølslivet.

Arrangementet passar for alle - også for dei som er dårleg til beins eller har barnevogn.

Velkomen til feiring av Kulturminnedagen!

Ta med kontantar til kjøp av mat, drikke og eventuelt lokale stølsprodukt.

View Event →
Aug
19
12:00pm12:00pm

Familietur til Botn i Undredal

Undredalselvi i Botn, foto: Pascale Baudonnel

Undredalselvi i Botn, foto: Pascale Baudonnel

Den gamle stølen Botnen - heilt inst i Undredalen, på sida av/bak Gudvangatunnellen - er ei bortgøymd og ukjend lita naturperle for dei aller fleste.

Verdsarvparken ynskjer difor i år å invitere alle til ein kjekk familietur dit i lag med Anna Elise Borlaug frå Fjord- og Fjelldraumar, som blir med som lokalkjendt turleiar og guide.

Turen tek ca. 30 min ein veg og går i ganske slakt terreng langs ein ulendt sti i variert terreng. Framme i Botn tek me oss god tid til å vere, til å prate, ete, leike - og, om det er bær der då, til å fylle nokre koppar med nyplukka blåbær som me kan nyte på staden.

Etter at me har kome attende frå Botn om ettermiddagen kan dei som vil bli med på stølen Langhuso. Her kan ein få helse på geitene og sjå på mjølkinga av dei på nært hald :)

Praktisk informasjon:
- Ha på gode sko og klede etter været
- Ha med sitjeunderlag, eigen niste og drikke
- Ha med kopp/spann/pose til å plukke bær i.
- Turen kostar kr. 50,- pr. familie. (Ta med kontantar)

Oppmøte:
- på stoppestaden / infoplassen ved avkøyringa frå E16 til Undredal, kl. 1145

VELKOMEN MED PÅ TUR!

View Event →
Aug
18
to Aug 20

Bringebærfestivalen 2017

Vik - den største bringebærkommunen i landet inviterer til festival! 

Frukt- og bærmarknad, bakekonkurranse, konsertar, og mykje meir kan du oppleve i Vik denne helga. Vestlandsfanden, Woodland Circus, Kjartan Lauritzen og Tor Talle Trio kjem - kjem du?

Norsk Bringebærfestival er eit samarbeidsprosjekt mellom frukt- og bærmottaka i Vik kommune, med mange gode støttespelarar frå Næringslivet, Vik kommune, Næringssamskipnaden, Vik sparebank, lag og organisasjonar. 

Du finn informasjon her: http://norskbringebaerfestival.no/index.html

View Event →
Aug
15
7:00pm 7:00pm

Jegermøter hjort- og elgjakta 2017

Som kjent er Nordfjella råka av skrantesjuke og jegerane kring Nordfjella skal ta prøver av hjort og elg. På møtet blir det informasjon om det praktiske opplegget for å få til dette. 

Jegermøter hjort- og elgjakta 2017 Lærdal, Aurland og Årdal

Det vert arrangert jegermøter som følgjande:

 Lærdal, på Villakssenteret tysdag 15. august kl. 1900

 Aurland, på Trudvang kino onsdag 16. august kl. 1900

 Årdal, i kommunestyresalen på rådhuset torsdag 17. august kl. 1900

Program

1900-1915 Velkommen v/ lokal forvaltning

1915-2000 Skrantesjuke, kartlegging og prøvetakingsregime v/Christer Rolandsen (NINA) 2000-2015 Kaffi

2015-2100 Soneforskrift/sentral forskrift om skrantesjuke v/ Nils Martin Fjær (Mattilsynet) Opplæring i prøvetaking av hjort/elg

2100- Utlevering av materiell

Vel møtt!

View Event →
Jul
29
9:00am 9:00am

E-CO Rimstigen Opp 2017

E-co Rimstigen opp 29.juli byr på både tur- og konkurranseklassar, med god premiering!

Løype: Frå Bakka til Rimstigen. Høgdeskilnad: 725m. Lengde: 2,75 km.

For meir informasjon og påmelding: naroyfjorden.no

Kontaktperson: Olav Terum, tlf nr: 99414496

View Event →
Jul
29
8:30am 8:30am

Aurlandsmarsjen 2017

Vi ynskjer velkomen til den tradisjonelle marsjen gjennom den unike Aurlandsdalen frå Østerbø 820 moh til Vassbygdi 83 moh.

Turløypa: Østerbø-Sinjarheim-Vassbygdi er om lag 19 km, og turen tek 6-7 timar. Stien er god og middels lett å gå. På Sinjarheim er det naturleg å ta ein matpause.

Påmelding: På Østerbø mellom kl 0830-1030.

Premiar: Det vert delt ut diplom til alle marsjdeltakarar, og premie for gjennomførte
5,10,15, 20 og 25 gonger.
Startkontingent: Vaksne kr 100,-  Born gratis.

For meir informasjon: www.aurland.kommune.no  telefon:57632900

View Event →
Jul
26
10:00am10:00am

Natur- og kulturvandring Varpet - Svartavatnet i Ferios

Tema for denne flotte natur- og kulturvandringa i Feios er samspelet mellom naturgrunnlag og kulturpåverknad, og kva som bestemmer artsmangfald og naturlandskapet. 
Frå Varpet til Svartavatnet vandrar me gjennom Haugsetedalen og Gullsetedalen, som byr på høvesvis lett turterreng i storslagne omgjevnadar av høge, bratte li- og fjellsider.

Turleiarane - kjentmennene Gunnar og Bjørn Grindedal og biolog Siri Bøthun som deler av sin kunnskap om kulturhistoria i dalen og om økologi og naturmangfald.

Målet er å gje tur-fylgjet ei flott naturoppleving samstundes som dei får ei auka innsikt i korleis kulturhistoria påverkar vegetasjonen i samspel med naturtilhøva. Me får høyre om stølane me passerer og bruken av området historisk og i notid. Me får og lære om kvifor vegetasjonen endrar seg frå skogsområda og opp i fjellet, og kva som særpregar naturen i denne delen av Verdsarvområdet. 

Me samlast på Varpet, på ca 360 moh., og køyrer ein skogsveg fram til parkering nedst i Haugasetedalen. Herifrå går turen i slak motbakke forbi to stølar og vidare opp i snaufjellet. Stien er bratt eit mindre stykke ved Brekka, elles er stigninga jamn og moderat. Turmålet er Svartavatnet, på 1000 moh. Svartavatnet er eit botn-tjern, og ligg i ein fin, bre-erodert botn på nord-vestsida av Fresvikbreen. 

Turen er berekna å ta kring 6 timar inklusive god tid til pausar og ein matpause ved Gullsete. Me held roleg tempo, og turen er fin for familiar med barn som er vande med å vere med på tur. 

Ta med mat, drikke.te, sitjeunderlag og elles klede etter været.
Ein treng gode tursko, men tunge fjellstøvlar er ikkje naudsynt.

Frammøte på Varpet i Feios (på austsida av dalen, like forbi Grinddal) kl. 10.00.

Kontaktperson:
Gry Mørk     Tlf. +47 95141438     e-post:  gry@naroyfjorden.no 

 

View Event →
Jun
30
to Jul 2

Aurlandsmarknaden 2017

Aurland Photograpy

Aurland Photograpy

Me ynskjer velkomen til Aurlandsmarknaden, ein tradisjonsrik sumar-marknaden ute i det fri. Her er det sosialt og kjekt, underhaldning og handel går hand i hand, og Marknadsfest er eit stort høgdepunkt både fredag og laurdag kveld.

Fredag vil Sandra Lyng og Robin og Bugge lage feststemning på Odden. Laurdag er det Folk Flest  og Ausekarane som skal lage stemning - velkomne!

Her kan du lese meir: http://ny.aurlandsmarknaden.no/

 

View Event →
Jun
25
to Jul 2

Ekstremsportveko 2017

Ekstremsportveko er den største sport- and musikkfestivalen i sitt slag. I ei heil veke konkurrerer nasjonale og internasjonale atletar og utfordrar seg sjølve i elementa. Men, det er ikkje konkurransefokuset som står sterkast heile denne veka; å dele kunnskap og glede over sporten sin, er like viktig denne veka på Voss!

For meir inforasjon kan du klikke her: https://ekstremsportveko.com/live/

View Event →
Jun
16
to Jun 18

Lærdalsmarknaden 2017

Velkomen til den største friluftsmarknaden i Lærdal, som har om lag 15.000 besøkande. Dette er sommarmarknaden, der sosiale møte mellom folk, underhaldning og handel går hand i hand. I 2017 kan me ynskje velkomen til til Lærdalsmarknad for 37 gongen etter oppattakinga av den historiske marknadstradisjonen i 1982.

Me ynskjer oss mange selgjarar, slik at det vert stor breidde og variert vareutval på Lærdalsmarknaden. Det vert opna for påmelding via www.laerdalsmarknaden.no frå medio mars 2017 og fram til ei veke før Lærdalsmarknaden tek til.

Her finn du meir informasjon: http://laerdalsmarknaden.no/laerdalsmarknaden-2/

Velkomen som selgjar og gjest!

Geitostselgjarane frå Underdal er mellom dei mange som har travle dagar og god omsetnad under den tradisjonsrike marknaden på Lærdalsøyri

Geitostselgjarane frå Underdal er mellom dei mange som har travle dagar og god omsetnad under den tradisjonsrike marknaden på Lærdalsøyri

View Event →
Jun
1
to Jun 4

Gamalostfestivalen 2017

Gamalostfestivalen i Vik inviterer til innhaldsrike dagar, med eit program der dei aller fleste vil finne noko dei likar! Det blir aktivitetar frå morgon til kveld, ute og inne. Konsertar, utstillingar, bilmønstring, høgdegalla, fiskekonkurranse, fotballkamp, felles frukost, kassabilløp, gamalostting og mykje, mykje meir!

Du kan lese meir her: http://www.gamalostfestivalen.no/

View Event →
May
28
12:00pm12:00pm

Familietur til husmannsplassen Hausen

Bli med oss på tur! Husmannsplassen Hausen ligg på ei lita, solrik flate i Bleia naturreservat i Lærdal kommune. 

Stien til Hausen slynger seg 200 bratte høgdemeter oppover Hausanosi, frå foten av fjellet og oppover og oppover mellom gamal og høgreist skog, fram til der stien går inn mot lysninga i skogen der murane etter gardshusa framleis står att. 
Frå Hausen kan du sjå langt. Her er utsikt utover Sognefjorden mot Kaupanger og Leikanger og innover Sognefjorden og fjordarmane Årdalsfjorden og Lærdalsfjorden.

På turen får du lære litt om både natur og historie i dette området. Rein-Arne Golf, lærdøl og naturoppsyn, blir med på turen som guide.

Turarrangementet er ope for alle, men vil tilpassast familiar med born og ungdom i varierande aldre. 
Turen er den fyste av årets fire guida turar som Nærøyfjorden Verdsarvpark arrangerer i og kring verdsarvområdet.

Praktisk informasjon:
Oppmøte, tilkomst og parkering
- Kl. 12 ved starten av stien (ved brua ved Hausagjelet)
- NB: Det er usikkert om vegen ut Hausen er køyrbar med bil den dagen turen skal vere. Kontakt oss for nærare opplysningar om dette i forkant, om du ikkje planlegg å gå eller å sykle dit. 

Utstyr
- Ta med sitjeunderlag, gode tursko og elles turklede etter været.
- Ta med eigen niste og rikeleg med drikke. Det er ikkje vatn på Hausen.

Kontaktperson:
Gry Mørk/ Nærøyfjorden Verdsarvpark - tlf. 95 14 14 38
- mail: gry@naroyfjorden.no

Arr.:
Nærøyfjorden Verdsarvpark
Barnas Turlag i Lærdal

View Event →
May
14
12:00pm12:00pm

Vandreseminar om vindaugshistorie på Gamle Lærdalsøyri

Foto:Magnhild Aspevik 

Foto:Magnhild Aspevik 

Vil du bli med og høyre om vindauge frå ulike tidsperiodar? Om når og kvifor ein bør ta vare på dei gamle vindauga og ulike forhold knytt til istandsetjing? Om problemstillingar knytt til det å tilbakeføre til gamle eller originale vindauge? Om innsetting av vindaugskopiar – og kva som eigentleg er ein god kopi?

Då må du bli med på denne vandringa i det flotte miljøet på Gamle Lærdalsøyri! 

Det særprega, historiske trehusmiljøet på Gamle Lærdalsøyri er utgangspunktet for eit vandreseminar der desse viktige spørsmåla vil bli kasta lys over av Hallvard Trohaug, arkitekt, kunsthistorikar og byantikvar. Trohaug er huseigar og næringsdrivande på Gamle Lærdalsøyri.

Praktisk informasjon:
- oppmøte ved Gamle banken
- arr. er gratis
- etter seminaret kan dei som ynskjer det vere med og ta ein kaffi og ein matbit på "Kort og Godt" i lag med arrangørane (mat og drikke må kvar enkelt betale sjølv)
- spørsmål og påmelding rettast til Gry Mørk, tlf. 95141438 / e-post: gry@naroyfjorden.no

Påmeldingsfrist - 07. mai 2017.

NB: Seminaret vert arrangert med atterhald om nok deltakarar.

Arrangørar:
Fortidsminneforeningen - lokallaget for Indre Sogn
Nærøyfjorden Verdsarvpark

View Event →
May
5
to May 7

Kurs i linoljemaling

(Foto:Gry Mørk) Skulehuset på Bakka

(Foto:Gry Mørk) Skulehuset på Bakka

Det blir KURS I LINOLJEMALING på Bakka ved Nærøyfjorden første helga i mai. Her får du lære om teoriar og prinsipp for linoljemaling, å lage linoljemaling sjølv, om forarbeid og verktøy, og historikk. Hovudvekt er på utvendig linoljemaling, men ein kjem og inn på innvendig linoljemaling – og om det er interesse for det, kan ein og få lære å lage komposisjonsmaling til utvendig bruk.

Dato og klokkeslett: 
05. mai kl. 18.00-20.00
06. mai kl. 09.00-17.00
07. mai kl. 10.00-15.00

Kursinstruktør er malermester Knut Øystein Bakken, som har lang erfaring med tradisjonelle malingstypar og historiske maleteknikkar.

Kurslokalitet: 
Skulehuset på Bakka, Nærøyfjorden
i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap

Kursavgift: 
2500,-, inkl. lunsj og kaffe/te og frukt alle kursdagane

For meir informasjon og påmelding: 
 kontakt Gry i Verdsarvparken innan 30. april
– tlf. 95 14 14 38 eller e-post: gry@naroyfjorden.no

Kursarrangør: 
Nærøyfjorden Verdsarvpark, i samarbeid med Bakka Grendalag.

Det blir høve til å delta på ei omsyning på Bakka, for dei som måtte ynskje det, anten laurdagen eller søndagen etter kurset.

View Event →
Mar
24
to Mar 25

Invitasjon til seminar i Lærdal

Seminaret vert arrangert av "Felles landbrukskontor i ÅLA", "Prosjekt sau og utmark i ÅLA" og "Sogn og Fjordane Bondelag": 

Vi har gleda av å invitere til seminar i Lærdal for bønder og andre med interesse for matproduksjon. Vi samlast i Lærdal Kulturhus for to innhaldsrike dagar der vi set søkjelyset på garden sine ressursar, verdiskaping frå landbruket og framtidig produksjon av mat. Vi oppmodar spesielt unge bønder til å kome. 

Du finn heile invitasjonen, program og praktiske opplysningar her : Invitasjon til seminar i Lærdal

View Event →
Mar
16
9:30am 9:30am

"Voksesmerter - frå sesong til heilårsdrift"

Emblanettverket inviterer til næringsdag med fokus på samanhengen mellom næringsutvikling og samfunnsutvikling. 

Torsdag 16.mars kl 09.30-16.00 i Fretheimsalen, Fretheim Hotell.

PROGRAM:

EMBLANETTVERKET  v/Aud Melås, Adm.dir. Flåmsbrygga as

NEW INNOVATIVE CUSTOMER EXPERIENCES v/Karen B. Wolf, prosjektleiar

BEITOSTØLEN, FRÅ VINTERSPORTSSTAD TIL HEILÅRSDESTINASJON Atle Hovi, admin.dir. Betostølen Resort

SAMANHENGEN MELLOM NÆRINGSUTVIKLING OG SAMFUNNSUTVIKLING Jan Heggheim, Fylkesdirektør Næring og Kultur, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

PANELDEBATT Leia av Knut Roger Nesdal, næringssjef i Gloppen

I tillegg til innleiiarane deltek ordførar Noralv Distad, næringssjef Inge Håvar Årskog og Ståle Brandshaug frå Visit Sognefjord.

Påmelding til post@sognefjordennh.no innan 15. mars.

Pris: 500,- kr. Målbedrifter i Sognefjorden Næringshage: GRATIS. Lunsj er inkludert.

 

 

View Event →
Mar
15
5:30pm 5:30pm

Informasjonsmøte om fruktdyrking

Næringssjefen i Aurland kommune og Felles Landbrukskontor ÅLA invitera til informasjonsmøte om fruktdyrking.

Møte vert i Aurland onsdag 15.mars kl 17.30.

Med på møte vert mellom anna Sognefrukt v.Hammervoll og Lærdal Grønt v.Mundal

Meir informasjon om møte kjem.

Set av tida om du er interessert i kva mulegheiter det er for fruktdyrking på din eigedom.

http://www.laerdal.kommune.no/informasjonsmoete-om-fruktdyrking.5965132-156407.html

View Event →
Feb
15
7:30am 7:30am

Aurland kommune inviterer til Næringsmøte "frukostmøte"

Aurland kommune inviterer alle næringsverksemder i Aurland kommune til næringsmøte onsdag 15.februar kl 07.30. Formålet med møtet er gjensidig orientering og dialog om saker som er aktuelle for næringslivet i Aurland kommune. 

Det er også lagt opp til at nokre verksemder får høve til å presentere sine tenester/produkt. Dette medfører at de som ynskjer å nytte seg av dette melder frå om det snarast til Inge Håvard Aarskog. Her gjeld prinsippet om «første mann til mølla». Vi ynskjer å utfordre verksemdene som har presentasjon på kva «det grøne skiftet» inneberer for deira del.

Agenda:

Frukost serverast kl 07.30 – 08.00

- 08:05 – 08:30 Velkommen og orientering v/Aurland kommune

- 08:30 – 09:15 Orientering/presentasjon frå verksemder

- 09:15 - 09:50 Spørsmål og diskusjon

- 09:50 – 10.00 Oppsummering

Påmelding seinast fredag 10.02 til: Inge Håvard Aarskog iha@aurland.kommune.no

VELKOMEN!

View Event →
Feb
2
7:00pm 7:00pm

Møte om fiskeforvaltninga i fjellvatna

Aurland fjellstyre ber grunneigarar, garn- og sportsfiskarar og andre interesserte inn til føredrag ved forskar Harald Sægrov frå Rådgivende Biologer.

 Fokus på best mogleg drift av fjellvatna våre når det gjeld fiskeutjing, optimal produksjon og uttak av fisk. Han tek føre seg både reine aurevatn og vatn med aure og røy.

Møtestad: Ungdomshuset Trudvang

Tid: Torsdag 2. februar kl. 19.00

View Event →
Jan
11
6:30pm 6:30pm

Handlar økonomi om meir enn pengar?

Sogn Jord- og Hagebruksskule ynskjer velkomen til foredrag og samtale med professor Ove Jakobsen onsdag 11. januar hjå Marianne Bakeri og Kafe kl. 18.30.

Prof. Ove Jakobsen jobbar til dagleg ved Senter for økologisk økonomi og etikk, Nord universitet. No kjem han til Aurland for å trimme våre små grå. Kva anna enn pengar kan økonomi handla om?

Kom, lytt, tenk - og snakk, om du vil!

Kafeen opnar kl. 18.30, foredraget starter kl. 19. Deretter spørsmål og samtale.

Serveringa er open. Inngangen er fri. Meir kan vi ikkje ynskje oss, anna enn din deltaking. Velkomen! 

View Event →
Julemarknaden i Lærdal
Nov
19
to Nov 20

Julemarknaden i Lærdal

Lærdalsmarknaden inviterar til Julemarknad 19.-20. november!

Gamle Lærdalsøyri har gode fasilitetar for gjennomføring av marknader, og her har både Lærdalsmarknaden og Haustmarknaden vore arrangert i meir enn 30 år, i nyare tid.

Foreninga Lærdalsmarknaden, med samarbeidspartnar Lærdal Husflidslag, arrangerte i fjor den andre Julemarknaden i Lærdal!

Me ynskjer oss selgjarar som tilbyr produkt i kategoriane husflid, trearbeid, mat og gåveartiklar, for berre å nemna noko. Ein skal både kunne handla seg julegåver og julemat på Julemarknaden i Lærdal. 

View Event →
Les om våre partnarar